|
Ansvarleg utførande skal hente inn graveløyve hjå:
- Gravemelding.no (tele/fiber)
- Lærdal Energi AS (straum/fiber)
- Årdalsnett (dersom graving i Lærdal sentrum-kabel-tv)
- Statens Vegvesen (dersom nær riksveg)
Ansvarleg utførande må ta med seg alle innhenta graveløyve til tekniske tenester. Tekniske tenester går inn på Sognekart. Tek ut kart med VA data. Passer på at gravemeldingsskjema er riktig utfylt. Avklare kva som skal gravast (vassgrøft osv.) Spør om det er behov for reasfaltering eller andre tiltak etter graving på kommunale eigedomar. Skriv punkt 5 på gravemeldingsskjema. Skriv dersom kommunen har merknad til gravinga. Sjekk at kabelpåvisning har funne stad. Få underskrift av ansvarleg utførande på skjema. Krysse på skjema at graveløyve er gjeve/avslått. Skrive under og stemple med tekniske tenester sitt stempel. Ta kopi. Gi original til ansvarleg utførande. Legg kopi i perm. Gravemelding er gyldig i ein månad frå dato løyvet er gjeve. Dersom graveløyve ikkje er nytta etter ein månad, må det søkast på nytt, frå punkt 1. |