|
Ansvarleg utførande skal hente inn graveløyve hjå:
- Gravemelding.no (tele/fiber)
- Lærdal Energi AS (straum/fiber)
- Årdalsnett (dersom graving i Lærdal sentrum-kabel-tv)
Ansvarleg utførande må ta med seg alle innhenta graveløyve til tekniske tenester.
- Tekniske tenester går inn på Sognekart.
- Tek ut kart med VA data.
- Passer på at gravemeldingsskjema er riktig utfylt.
- Avklare kva som skal gravast (vassgrøft osv.)
- Spør om det er behov for reasfaltering eller andre tiltak etter graving på kommunale eigedomar.
- Skriv punkt 5 på gravemeldingsskjema.
- Skriv dersom kommunen har merknad til gravinga.
- Sjekk at kabelpåvisning har funne stad.
- Få underskrift av ansvarleg utførande på skjema.
- Krysse på skjema at graveløyve er gjeve/avslått.
- Skrive under og stemple med tekniske tenester sitt stempel.
- Ta kopi.
- Gi original til ansvarleg utførande.
- Legg kopi i perm på kontoret til teniske tenester.
- Gravemelding er gyldig i ein månad frå dato løyvet er gjeve.
- Dersom graveløyve ikkje er nytta etter ein månad, må det søkast på nytt, frå punkt 1.
Gravemeldinga vert lagt inn i sak-/arkivsystemet i samlesak pr. år i arkivdel SAK. |