Glemt Passord?

Samarbeidsutvalet

Samarbeidsutvalget skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Eigar av barnehagen kan delta etter eige ynskje, men ikkje med fleire representanter enn kvar av dei andre gruppene.
Eigar av barnehagen skal sørge for at viktige saker vert framlagt for foreldrerådet og samarbeidsutvalget. (Lov om barnehagar kap.II, § 4)

FAU leiar og nestleiar er foreldrerepresentantar. Dei sit i eitt år.

Personalet i barnehagen vel representantar som skal delta. Dei sit i eitt år.

Kommunestyret vel representantar frå eigarsida. Dei sit i fire år.

Styrar kallar inn til møte.

Det vert kalla inn til møte ein til to gongar i året. Det vert kalla inn til fleire møte om det oppstår saker som skal leggjast fram for SU.

Styrar skriv referat.

Referatet vert lagt i sak-/arkivsystemet.