Glemt Passord?

Kulturpris

Lærdal kommune, ved formannskapet, deler ut kulturpris kvart fjerde år. Prisen skal gå til einskildpersonar eller lag som har lagt ned eit stort arbeid innan kulturområdet i Lærdal kommune, i samsvar med kriteria for kulturprisen. Kriteria som vil verte nytta ved tildeling av prisen er som følgjer:

"Kulturprisen kan tildelast personar som anten bur i, eller har sterk tilknyting til Lærdal kommune. Prisen skal tildelast ein person (gruppe, lag) som har lagt ned ein stor innsats for lagsarbeid, miljøskapning instruksjonsarbeid, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kulturvernarbeid, kunstnarlag verksemd eller arbeid for barn og ungdom"

  • Framlegg til kulturprisvinnar, med grunngjeving, skal sendast til kommunen
  • Vedtak i formannskapet

Dokumenta ligg i arkivsak på tildelingsåret i arkivdel SAK. Saka skal vere u.off.

saka vert lagt fram for formannsskapet utan tilråding. Formannsskapet kan også sjølve foreslå kandidatar.

Prisen vert delt ut under Lærdalsmarknaden i juni av ordførar og kommunalsjef, og består av diplom og pengegåve (kr.10 000).