|
Riksantikvaren sin nettstad www.kulturminnesok.no nyttast til frivillig registrering av kulturminne i samband med arbeide med kulturminneplanen til Lærdal kommune. Dei frivillige kan registrere seg som brukarar på nettsida og legge inn kulturminne dei meiner er viktige. Det vil så bli vurdert om desse kulturminna skal inn i planen. Om dei blir rekna som prioriterte kulturminne eller er automatisk freda kulturminne, som ikkje tidlegare er registrert, vert dei registrert i Riksantikvaren sin databse Askeladden. Dei lokalt prioriterte kulturminna er det byantikvaren som legg inn. Er det tidlegare uregistrerte automatisk freda kulturminne, skal dei meldast inn til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som legg dei inn. |
|