|
Vi held oss til § 2-9 og 2-10 i opplæringslova og
ordensreglar vedtatt av SU, punkt 9:
Ved brot på reglane kan følgjande tiltak nyttast:
- - påtale frå lærar/rektor
- - melding til heimen
- - bortvising for resten av timen eller dagen for elevar på mellomsteget
Før tiltak vert sett i verk skal eleven ha hatt høve til å forklare seg. Ved gjentekne, eller alvorlege brot på ordensreglane, skal heimen gjerast kjend med tilhøvet og kva for tiltak som vert sett i verk. Heimen skal varslast dersom ein elev er utvist for resten av dagen. Når det gjeld elevar vert referat lagt i elevmappe. Saker på tilsette si personalsak i ACOS |