|
Det vert oppretta ei arkivsak for kvart anbod. Anbodsfrist skal stå på linje 2. Kunngjering av anbodet er første dokument i saka - dette er offentleg. Tilbod som kjem inn vert datostempla og påført klokkeslett og signert av den som har motteke. Tilboda vert samla til anbodsfristen er ute. Dersom tilbod kjem på epost skal dei avvisast (gjeld alle tilbod over kr. 500 000. Tilbod under kr. 500 000 kan det - om konkurransegrunnlaget opnar for det, leverast på epost). Når anbodsfristen er ute, henter sakshandsamar alle tilboda og desse vert opna saman med eit vitne. Det skal førast anbodsprotokoll. Alle tilboda og anbodsprotokollen vert levert til post/arkivtenesta, som registrerer dei i anbodssaka i WebSak. Saksdokumenta og protokollen skal vere unntatt offentlegheit etter Offentleglova § 23 tredje ledd fram til tilbydar er bestemt. Etter tilbyder er bestemt er dokumenta offentlege, med mindre dei inneheld teiepliktbelagde opplysningar i medhald av lov. Når anbodsvinnar er valt, skal det sendast ut brev til alle tilbydarane med ei grunngjeving på kvifor dei ikkje fekk kontrakt. Brevet skal skrivast i WebSak. Det må opplysast om klagefristen på minst 10 dagar i brevet (gjeld anbod over kr. 500 000,-). Kontrakt kan tidlegast signerast 10 dagar etter at dei tapande tilbydarane har fått skriftleg grunngjeving for valet. Avtale med tilbydar skal registrerast som utgåande dokument i WebSak. Når avtalen kjem inn signert, - og signatur av kommunen er påført, skal denne registrerast i anbodssaka som eit inngåande dokument. Original vert oppbevart i avtalearkivet. |